Tilbake på nettet! Ungdomshallen øverst i Borggata

Tilbake på nettet!

Publisert 25. Januar 2016
Etter fleire månader nede-tid, er Stord Bibelsenter på nettet igjen, endeleg. Her på heimesida vil me presentera det som skjer hos oss. Du vil etter kvart finna nyttig stoff for å danna deg eit inntrykk av kva Stord Bibelsenter står for, kva uttrykk du finn i samlingane og kva me ser som viktig i tida. Kalenderen på hovudsida viser samlingane dei næraste dagane. Det kan også liggja utfyllande informasjon om du klikkar på ei av samlingane. Me vil også leggja ut opptak av talar frå møtene. Dei finn du under fana Media. Om du er ukjend med kva ei kristen menigheit er, så ta gjerne kontakt. Me ønskjer deg Gud's signing!
Stord Bibelsenter inviterer til konfirmant-fellesskap der me følgjer opplegget for TenTro-undervisninga gjennom skuleåret 2017-2018. Torsdag 15. juni 2017 er du velkommen til informasjonsmøte på Bibelsenteret i Borggt.50 kl.1900. Her blir det meir informasjon om opplegget, fellesskapet, reisene og det som måtte vera av interesse. Trykk på linken under for meir info.
Les mer
Jesaja 61,1A og 3 Herrens Ande er over meg, fordi Herren har salva meg til å forkynna ein gledesbodskap for armingar--- til å gje dei sørgjande i Sion hovudpryd i staden for oske, gledesolje i staden for sorg, lovsongsklede i staden for ei avmektig ånd--.
Les mer
Eivind Frøen vitjar Stord
Misjonær Eivind Frøen er talar på fellesmøtene på Langeland Skule fredag 5. - til søndag 7. februar. Her får du høyra nytt frå Kina.
Les mer
 
Powered by Cornerstone