Tilbake på nettet! Ungdomshallen øverst i Borggata

Tilbake på nettet!

Publisert 25. Januar 2016
Etter fleire månader nede-tid, er Stord Bibelsenter på nettet igjen, endeleg. Her på heimesida vil me presentera det som skjer hos oss. Du vil etter kvart finna nyttig stoff for å danna deg eit inntrykk av kva Stord Bibelsenter står for, kva uttrykk du finn i samlingane og kva me ser som viktig i tida. Kalenderen på hovudsida viser samlingane dei næraste dagane. Det kan også liggja utfyllande informasjon om du klikkar på ei av samlingane. Me vil også leggja ut opptak av talar frå møtene. Dei finn du under fana Media. Om du er ukjend med kva ei kristen menigheit er, så ta gjerne kontakt. Me ønskjer deg Gud's signing!
 
Powered by Cornerstone